
Ein tilrettelagt arbeidsplass er eit tilbod til deg som ynskjer å bidra til verdiskaping i samfunnet, og har behov for tilrettelagt arbeid.
Som tilsett ved ASVO Måløy får du fleire fordelar:
- Arbeidskontrakt med bonusløn
- Kjekke kollegaer
- Tilbod om å delta på fleire sosiale arrangement i løpet av året, som julebord, grillfest, bowling, felles tur osv.
- Noko godt attåt kaffien kvar fredag 🙂
Du må ha uførepensjon for å kvalifisere til ein tilrettelagt arbeidsplass.
Våre avdelingar
ASVO Måløy har fem avdelingar, med ein arbeidsleiar i kvar avdeling:
1) Miljøstasjon for gjenvinning av papp, papir, plast og garn.
2) Tauavdeling med splitting og reinsing av garn for fiskeflåten.
3) Kjøkkenavdeling med produksjon av bakst og kantinevarer.
4) Skiltavdeling med produksjon av folie-, print- og graveringsartiklar.
5) Uteavdeling med produksjon og sal av ved, trefelling og grasklipping.
Vi vil, saman med deg, leggje til rette for at du kan kome ut i ordinært arbeidsliv dersom det er mogleg.
Ønskjer du å vite meir om ein tilrettelagt arbeidsplass? Ta kontakt med oss, eller med din rådgjevar i NAV.
