Tildelinga Årets brubyggjar er vårt bidrag for å heidre det lokale næringslivet rundt oss, som gjer ein ekstraordinær innsats for å hjelpe folk tilbake i arbeidslivet. Desse eldsjelene bidreg til å «byggje bruer» mellom menneske og arbeid, ved å anten gi dei arbeid, praksiserfaring eller er gode samarbeidspartnarar.

Vinnarar:
2023: Selstad

2022: Skipskompetanse

2021: Kinn kommune, teknisk drift

2020: Frøy Vest

2019: Kiwi Deknepollen

2018: A.S. Fiskevegn

Årets brubyggjar 2023

Prisen for Årets brubyggjar 2023 går til Selstad. Bedrifta har over fleire år har vore ein god kunde, særskilt innan gravering og folie. ASVO Måløy er ein fast underleverandør av merkerør og dette er med å gi meiningsfylt arbeid til fleire personar.  I tillegg har Selstad vist både vilje og interesse til å utvikle produksjonane til ASVO Måløy, noko vi set stor pris på.

ASVO Måløy og Selstad har også hatt eit godt samarbeid om arbeidsutprøving, og har fått til det som NAV omtalar som ei skikkeleg suksesshistorie i arbeidsinkludering. Det er det verdt å feire og setje pris på! Med tildelinga ynskjer ASVO Måløy å seie takk for bidraget som Selstad gjer i stort og smått til å lage eit meir arbeidsinkluderande samfunn.

Utdeling av Årets brubyggjar til Selstad
Betty Hessevik delte ut prisen til Marit Selstad under kveldsshowet på Måløydagane.

Årets brubyggjar 2022

Prisen for Årets brubyggjar 2022 går til Skipskompetanse ved dagleg leiar Per Jørgen Silden.

Skipskompetanse er ei bedrift som er kjent for å vinne gjeve og innovative prisar, og dei har over tid vore ein god kunde med oss på fleire frontar. Vi fekk profilere bygget, og har levert graverte julegåver til dei tidlegare. I tillegg handlar dei fast frå bakeriet med torsdagslunsj og fredagskos, og vi bistår også med innkjøp av matvarer kvar måndag.

Alle desse arbeidsoppgåvene blir løyst av våre dyktige medarbeidarar på ASVO Måløy, og bidreg til at tilsette med behov for tilrettelagt arbeid får bidra i det omfanget dei klarer.

Skipskompetanse fortener heider og ære for å tenkje arbeidsinkluderande når dei skal kjøpe varer og tenester, og er ein verdig vinnar av “Årets brubyggjar 2022”.

Årets brubyggjar 2022: Skipskompetanse. Frå venstre: Betty Hessevik (dagleg leiar ASVO Måløy), Per Jørgen Silden (dagleg leiar Skipskompetanse) og John Ivar Sunde (arbeids- og studierådgjevar ASVO Måløy)

Årets brubyggjar 2021

ASVO Måløy hadde æra av å overraske avdelingsleiar Odd Henning Svoren ved Kinn kommune, Teknisk drift med tildelinga av Årets brubyggjar 2021. Avdeling for teknisk drift ved kommunen bestiller varer og tenester på ei rekkje områder, frå grøntarbeid og vegvedlikehald til folie og bakst. Såleis bidreg dei med å inkludere fleire i arbeid, og ASVO Måløy set stor pris på det gode samarbeidet med Odd Henning og resten av avdelinga.
Vi gratulerer Kinn kommune, Teknisk drift med velfortent pris!

Kinn kommune ved avdeling for teknisk drift er tildelt prisen for “Årets brubyggjar 2021”. Frå venstre: Betty Hessevik (dagleg leiar ASVO Måløy), Odd Henning Svoren (avdelingsleiar Teknisk drift, Kinn kommune) og John Ivar Sunde (arbeids- og studierådgjevar ASVO Måløy).

Årets brubyggjar 2020

Prisen for Årets brubyggjar 2020 går til Frøy Vest, for deira arbeidsinkluderande bidrag til samfunnet og gode samarbeid med ASVO Måløy over lang tid. Dagleg leiar i ASVO Måløy, Betty Hessevik, trekk fram at Frøy Vest gir rom i eiga bedrift for at folk med behov for tilrettelagt arbeid får vere i bedrifta og arbeide i produksjonar. Samtidig utfører ASVO Måløy årlege tenester for Frøy Vest, og bedrifta er flinke til å kjøpe varer og tenester hos oss. – Frøy Vest gjer ein stor forskjell for samfunnet og menneska det handlar om, seier Hessevik. Driftskoordinator Sigve Slagnes ved Frøy Vest fortel at dei set stor pris på tildelinga. – Det er ikkje så mykje ekstraarbeid for oss å ha folk i tilrettelagt arbeid, fortel han.

Vi gratulerer Frøy Vest med velfortent pris!

Årets brubyggjar 2020 går til Frøy Vest, for deira arbeidsinkluderande bidrag til samfunnet og gode samarbeid med ASVO Måløy over lang tid. Frå venstre: Dagleg leiar Betty Hessevik ved ASVO Måløy og driftskoordinator Sigve Slagnes ved Frøy Vest.

Årets brubyggjar 2019

Prisen for Årets brubyggjar 2019 går til Kiwi Deknepollen, som har utvist ekstraordinær innsats over tid for å byggje eit arbeidsinkluderande samfunn. Om prisvinnaren kan ein bruke mange superlativar. Det er en imøtekommande og blid gjeng, omsorgsfulle, tolmodige og dei lagar eit inkluderande miljø rundt seg. Kiwi, med dagleg leiar og primus motor Anne-Petrin Kjerpeseth Kvalvåg i spissen, har bidrege til å både få fleire i arbeid og gi ei verdifull avklaring av arbeidsevne for dei som treng det.

Vi gratulerer Kiwi Deknepollen med velfortent pris!

20190629_230243
Årets brubyggjar 2019 går til Kiwi Deknepollen, som vinn prisen for ekstraordinær innsats over tid for å byggje eit arbeidsinkluderande samfunn. Frå venstre: John Ivar Sunde (rådgjevar ASVO Måløy), Anne-Petrin Kjerpeseth Kvalvåg og  Betty Hessevik (dagleg leiar ASVO Måløy).

Årets brubyggjar 2018

Årets brubyggjar 2018 går til A.S Fiskevegn, som vinn prisen for eit mangeårig og godt samarbeid med ASVO Måløy på tau og garn. Fiskevegn skyt opp nye garn frå brukte tau som vi finrensar, og såleis klarar vi å skåne miljøet for unødig avfall.

Gjennom eit godt samarbeid over mange år har vi klart å skape eit tilrettelagt arbeid som samtidig bidreg til det marine næringslivet i distriktet. Det er stor etterspurnad etter denne tenesta, og vi finrensa over 45 mil med tau i 2018.

Dagleg leiar i Fiskevegn, Trond-Inge Kvernevik, seier at utan ASVO sin innsats kunne ikkje dei hatt ei garnavdeling. – Så her har vi klart å få til eit verdifullt samarbeid for begge partar, som gir mange arbeid, seier han.

Årets brubyggjar 2018 går til A.S Fiskevegn, som vinn prisen for eit mangeårig og godt samarbeid med ASVO Måløy på tau og garn. Frå venstre: Arbeids- og studierådgjevar John Ivar Sunde, dagleg leiar Betty Hessevik (begge frå ASVO Måløy), formann Svein Venøy og dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik (begge frå A.S Fiskevegn).

Om prisutdelinga

Prisen blir tildelt bedrifter som fyller eit eller fleire av følgjande kriterium:

  • Bedrifter som tilbyr arbeid eller praksisplass for deltakarar på arbeidsførebuande trening eller varig tilrettelagt arbeid.
  • Bedrifter som er gode kundar eller samarbeidspartnarar.
  • Bedrifter som bidreg til å gi ASVO Måløy AS eit positivt omdøme.