Vi gir nytt liv til gamle garn!
Hos oss blir garntaua splitta og finrensa i to omgangar. Vi har eit tett samarbeid med Fiskevegn, som skyt opp nye garn.
Ta kontakt for tilbod om rensing av tau.
Trosser og teiner
ASVO Måløy har utvikla ein trossekuttar i samarbeid med NTNU i Trondheim. Trosser med stålkjerner har lenge vore eit avfallsproblem for mellom andre Selstad AS, som tidlegare lagra desse på deponi.
Med trossekuttaren kutter vi trossene i passe lengder, for deretter å skilje plast og stål. Begge delar går vidare til gjenvinning, og sparer samfunnet for mykje unødvendig avfall.
Vi har óg tidlegare montert brosmeteiner på oppdrag for næringskunde.