Vil du vere brubyggjar, og hjelpe folk tilbake til arbeidslivet? Vi er alltid på jakt etter praksisplassar i alle næringar for folk som er på veg tilbake i arbeidslivet, eller treng eit varig tilrettelagt arbeid.
Vi har samtidig lansert ein pris til næringslivet i distriktet som gjer ein innsats for sine innbyggjarar:
- Les meir om Årets brubyggjar.
Ta kontakt med vår rådgjevar John Ivar Sunde (+47 469 33 921 / johnivar(at)asvomaloy.no) dersom du er interessert i å vite meir om å vere ei praksisbedrift.
Under har vi samla typiske spørsmål vi får frå arbeidsgjevarar:
Kva betyr det å bli praksisplass?
Saman med deg finn vi løysingar som passar di bedrift, og vi står for oppfølging undervegs. Ved å bli praksisbedrift viser du at bedrifta di er inkluderande, har eit sterkt samfunnsengasjement og bryr seg om medmenneske. Somme gongar fører praksis til arbeid i di eller andre bedrifter, andre gongar gir praksisen ei verdifull avklaring av arbeidsevne.
Korleis er det med løn eller andre utgifter for verksemda i praksis?
Deltakarar i praksis får inntekt frå NAV, så der er inga lønsutgifter ved å ha ein deltakar i praksis. Deltakar må samtidig inkluderast i bedrifta si yrkesskade frå første dag dei er i praksis.
Kven treng praksis?
Våre deltakarar har oftast anten behov for ein introduksjon til arbeidslivet, eller eit tilrettelagt arbeid der dei gjer delar av det ein gjer i eit ordinært arbeid. Våre vaksne deltakarar har ofte arbeida i eit yrke dei ikkje kan stå i lenger på grunn av helseutfordringar, og treng omstilling til eit anna yrke. Fleire tek omskulering, og treng praksis for å få meir erfaring innan eit nytt arbeidsområde.
Kvifor er vi opptatt av jobbmatch?
Ein god del av arbeidet med å gjere praksisen til ei god erfaring for bedrift og deltakar skjer før vi tek kontakt med bedrifta. Gjennom kartlegging av interesser, evner og kompetanse gjer vi ei grundig vurdering av kva slags arbeid som passar deltakaren. Vi veit av erfaring at når vi treff godt i ein jobbmatch, så får deltakarane arbeid til slutt.