ASVO Måløy er ei vekstbedrift som skal bidra til at personar med nedsett arbeidsevne får personleg utvikling og auka livskvalitet gjennom meiningsfullt arbeid. Vi arbeider på oppdrag frå NAV, der inkludera i det ordinære arbeidsliv er eit overordna mål.
ASVO Måløy har sidan oppstarten i 1991 hatt god utvikling på mange felt:
- Større fokus på livskvalitet, og å føre personar tilbake til ordinært arbeidsliv der dette er mogleg.
- Eit godt samspel med NAV og andre offentlege etatar.
- Eit godt samspel med det lokale næringsliv.
ASVO som føretak
ASVO Måløy AS er eit kommunalt føretak, heileigd av Kinn kommune. Vi er oppretta for å ivareta eit samfunnsoppdrag nedfelt i Stortinget sin arbeidsmarknadspolitikk og for å levere grunnleggande tenester til innbyggjarane.
Generalforsamlinga er formannskapet i Kinn kommune.
Styret består av følgjande representantar:
Styreleiar: Ingolf Bergh
Nestleiar: Jeanette Jensen
Styremedlem: Marian Sjaastad
Styremedlem: Rune Kristensen
Styremedlem og representant for dei tilsette: Kristin Oldeide
1. vararepresentant i styret: Arve Nygård
2. vararepresentant i styret: Kari K. Solheim