Her kan du bestille teineskilt til krabbe- og hummarteine. Desse skilta tilfredstiller krav frå Fiskeridirektoratet til merking av teiner, men hugs at du må merke blåse / vak med namn, adresse og deltakarnummer for fisking av hummar.

Prisar og levering:
Type skilt | PLAST | STÅL |
Merkeskilt 1-3 linjer med namn og adresse. Minstebestilling 5 skilt. Storleik: 70×30 mm med 4 mm runde hol på stål og hol for strips på plast (plasthol kan endrast etter ønskje) | 30 kr* | 35 kr* |
Merkeskilt 4-5 linjer med namn, adresse, telefonnummer og evt. deltakarnr. Storleik: 70×40 mm med 4 mm runde hol. Minstebestilling 5 skilt. | 35 kr* | 40 kr* |
* Pris gjeld per merkeskilt. Ved kjøp av 10 eller fleire merkeskilt får du 10% rabatt på ordren. Ved kjøp av 30 eller fleire får du 15 % rabatt.
Fraktpris mengde | PLAST | STÅL |
1-5 skilt | 75 kr | 75 kr |
6-15 skilt | 75 kr | 100 kr |
16-20 skilt | 100 kr | 100 kr |
21 – 50 skilt | 100 kr | 150 kr |
51+ skilt | TA KONTAKT | TA KONTAKT |
Bestilling
Kva slags type merking er påkravd?
OPPDATERT 23.09.22: Vi har fått stadfesting frå Fiskeridirektoratet på at det er godt nok med namn og folkeregistrert adresse på teinene, i tråd med den skriftlege informasjonen under. Merk at for hummarteiner er det i tillegg krav om å merke vak / blåse med namn, adresse og deltakarnummer.
Her er krava frå Fiskeridirektoratet:
I fritidsfiske skal minst ei av blåsene eller bøyene på alle reiskap som står i sjøen, vere tydeleg merka med eigars namn og folkeregistrerte adresse. I tillegg skal teiner og ruser vere merka med tilsvarande eigaropplysingar.
For teinar sett i lenke, skal kvar enkelt teine merkast med eigars namn og folkeregistrerte adresse.
Også sanke- og samleteiner skal merkast med desse opplysingane.
Synleg merke
Merket på sjølve reiskapen skal vere godt synleg og vere festa på den øvre delen, slik at den også er mindre utsett for slitasje eller avsliting. Merket og dei påførte eigaropplysingane må tåle saltvatn, slik at dette er godt leseleg. Som brukar bestemmer du sjølv utforming og størrelse på merket. Du kan lage merket sjølv eller kjøpe det frå ulike utsalsstader.
Merking av reiskap i hummarfiske
Teinene som vert nytta til hummarfiske er underlagt dei same krava som andre teiner, men i tillegg skal blåse eller bøye vere påført ditt deltakarnummer.
Det er ikkje nødvendig å fjerne deltakarnummeret frå vaket viss ein ønsker å bruke same vak utanom hummarfisket.