ASVO Måløy tek miljøet på alvor! Våre flinke medarbeidarar og store pappresse tek årleg ca. 400 tonn papp, som vi buntar og sender til vidare gjenbruk. I tillegg resirkulerer vi årleg 150 tonn papir og 100 tonn med plast.

pappbunter
Pappen blir handsortert, pressa og bunta. Kvart år leverer vi ca. 400 tonn papp.

Alt avfall blir handsortert. Dette gir høg kvalitet og ein betre miljøeffekt. Pappen blir sendt til Ranheim papirfabrikk, papiret blir sendt til Norske Skog på Skogn, folien blir sendt til og hushaldningsplasten blir sendt til store sorteringsanlegg i Tyskland.

Avfallet kjem hovudsakleg frå Vågsøy og omegn, men vi tek imot frå både næringsliv og privatkundar. Du kan levere papir, plast og papp til oss i vår opningstid, så lenge den tilfredstiller våre retningsliner:

NB! Dette må du hugse før levering

  • Alle drikkekartongar skal opnast, skyljast og tørkast.
  • Papp og papir må vere reint og tørt.
  • Plast må vere skylt og tørka.
  • Plast skal sorterast etter retningsliner på utleverte sekkar.

Våre samarbeidspartnarar: