20190308_100306
Audun og Lars er to av våre dyktige sjåfører som jobbar på for å levere varer og tenester! Her frå eit større makulatoppdrag, der sensitive dokument blir frakta til ASVO, makulert og sendt til gjenvinning. Bra for kunden, bra for oss og veldig bra for miljøet 

Varig tilrettelagt arbeid er eit tilbod til deg som for lang tid, eller resten av ditt yrkesaktive liv, har behov for tilrettelagt arbeid. ASVO Måløy har 25 arbeidsplassar, og kort ventetid på ledig plass.

Du blir tilsett ved ASVO Måløy, og får fleire fordelar:

  • Arbeidskontrakt med bonusløn
  • Kjekke kollegaer
  • Tilbud om å delta på fleire sosiale arrangement i løpet av året
  • Fredagskos med noko godt attåt kaffien kvar fredag 🙂

Du må ha uførepensjon for å kvalifisere til VTA-tilbodet.

Våre avdelingar

ASVO Måløy har fem avdelingar, med ein arbeidsleiar i kvar avdeling:

1) Miljøstasjon for gjenvinning av papp, papir, plast og garn.
2) Tauavdeling: splitting og reinsing av fiskegarn for fiskeflåten og fiskevegnindustrien.
3) Kjøkkenavdeling med produksjon av bake- og kantinevarer.
4) Skiltavdeling med produksjon av folie-, print- og graveringsartiklar
5) Avdeling for produksjon og sal av ved, trefelling og grasklipping.

 

Vi vil, saman med deg, leggje til rette for at du kan kome ut i ordinært arbeidsliv dersom det er mogleg.

Ønskjer du å vite meir om VTA? Ta kontakt med oss, eller med din rådgjevar i NAV.

 

IMG_2962
Vi har fleire sosiale arrangement i året. Fredagskos, grilling, bowling, julebord og andre utflukter. Her frå sommarfesten vår.