ASVO Måløy har på grunn av nasjonale retningsliner redusert bemanning. Dei fleste tilsette i tilrettelagt arbeid vil vere i permisjon fram til 26. mars, men vi vil strekkje oss så langt som råd for å levere varer og tenester til våre kundar i denne perioden.
Våre produksjonar vil stort sett vere uberørt av koronaviruset, men vi ber kundar ta kontakt med oss for å avtale levering av varer og tenester.
Ved
Vi tilbyr bjørkeved i 40-liter sekkar fraktfritt levert ved kjøp av 25 sekkar eller fleire. Dersom du er i karantene, så kan vi tilby levering av færre sekkar mot frakt. NB! Vi har diverre berre kapasitet til å levere til nordre Kinn, men vi har utsal til alle som kan hente ved. Du kan betale med Vipps ved levering, eller kort ved henting.
Bakeri
Bakeriet lagar bakst etter avtale. Sjå vår meny, og ta gjerne kontakt med oss på telefon 57 85 26 60 for å sikre deg at vi kan levere bakst til ynskja tid.
Folie- og skiltavdeling
Vi kan levere folie- og graveringsprodukt etter avtale. NB! Vi har for tida stor pågong, så noko leveringstid må forventast.
Ta kontakt med oss på telefon 57 85 26 60, eller bruk kontaktskjema, for bestilling av varer og tenester.
Våre tiltak i koronatider
ASVO Måløy er med i den nasjonale dugnaden for å bekjempe koronaviruset! Vi har i lengre tid hatt ekstra fokus på smittevern for tilsette og kundar, med fokus på å unngå nærkontakt med andre, god handhygiene og nøye vask av kontaktflater.
Ta godt vare på kvarandre, og vis omsyn til medmenneske