Vi tilbyr individuell studierettleiing til deg som har behov for støtte undervegs i høgare utdanning. Våre tenester passar deg som tek fag på høgskule- eller universitetsnivå, og kan inkludere rettleiing i:
- Korleis spisse ei problemstilling?
- Akademisk skriving – ulike sjangerkrav
- Struktur i ei oppgåve / avhandling
- Metode og datainnsamling
- Litteratursøk / referansestilar
- Etikk i forskingsarbeidet
Du kan velje mellom tre rabatterte rettleiingspakkar, eller kjøp av enkelttimar. Rettleiinga blir alltid skreddarsydd etter ditt behov, og alle nye studentar får ein gratis og uforpliktande rettleiingstime for å prøve ut tilbodet.
- PAKKE 1: 5 timar individuell rettleiing. Passar deg som har behov for å komme i gang med ei oppgåve, eller har spesifikke spørsmål knytt til oppgåveskriving.
- PAKKE 2: 10 timar individuell rettleiing. Passar deg som har behov for ei oversikt over korleis ein skriv ei oppgåve, og hjelp til å komme over enkelte kneikar i oppgåveskrivinga.
- PAKKE 3: 15 timar individuell rettleiing. Dette er vår mest rabatterte pakke, som er uvurderleg om du opplev at det er vanskeleg å kome i gong eller få oversikt over eit fag. Her kan du få hjelp både til å spisse ei problemstilling, strukturere ei oppgåve og kvalitetssikre metodikk og litteratursøk.
Produkt | Timar* | Pris | Rabatt |
Enkeltøkter | 590,- | ||
PAKKE 1 | 5 | 2799,- | 5 prosent |
PAKKE 2 | 10 | 5449,- | 7,5 prosent |
PAKKE 3 | 15 | 7965,- | 10 prosent |
* Ein time med rettleiing består av rettleiing i 45 min. + 15 min. til naudsynt for- og etterarbeid.