Er du usikker på kva slags moglegheiter som finst i arbeidsmarknaden, eller har utfordringar i studiet? Vi tilbyr studie- og karriererettleiing. Les meir om tilbodet vårt under.
Karriererettleiing
Arbeidsmarknaden er i stadig endring, og vi tilbyr karriererettleiing for deg som er usikker på kva du kan kvalifisere deg for i arbeidsmarknaden. Rettleiinga handlar om å kartleggje interesser, ressursar og hindringar i arbeidslivet. Med vår kunnskap om det lokale arbeidslivet, vil vi arbeide for å finne ein god match mellom deg og arbeidsgjevar.
Vi har tidlegare bidrege til å gje folk arbeid innanfor mellom anna helse- og omsorgssektoren, maritim sektor, daglegvare og utdanningssektoren.
Karriererettleiing blir tilbydd som ein del av tiltaket AFT. Høyrast det interessant ut? Då må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor for tilvising til karriererettleiing. Du kan også ta kontakt med arbeids- og studierådgjevar John Ivar Sunde (46 93 29 44 / johnivar@asvomaloy.no) for å få meir informasjon om tilbodet.
Studierettleiing
Vi har spesialistkompetanse i studierettleiing, og kan hjelpe deg med oppfølging både i forkant og undervegs i utdanninga. Vi skreddarsyr eit opplegg som sikrar at du får god oppfølging undervegs. For å vere kvalifisert til studierettleiing må du ta utdanning gjennom NAV, eller ha stønad frå NAV (til dømes arbeidsavklaringspengar) som inntektskjelde under utdanninga. Vi rettleiar til og med bachelornivå.
Studierettleiing blir tilbydd som ein del av tiltaket AFT. Er dette interessant for deg, må du ta kontakt med din lokale NAV-rådgjevar. Du kan også ta kontakt med arbeids- og studierådgjevar John Ivar Sunde (46 93 29 44 / johnivar@asvomaloy.no) for å få meir informasjon om tilbodet.
Om arbeids- og studierådgjevaren
John Ivar Sunde har mastergrad i pedagogikk, og har tidlegare arbeida i studieseksjonen ved Universitetet i Bergen. Han har også bakgrunn som lærar i ordinær- og spesialundervisning, og mange års erfaring med rettleiing.
