Stilling som arbeidsleiar med ansvar for vedlikehald

ASVO Måløy AS er ein sosial entreprenør som har som føremål å utvikle personar sine ressursar gjennom arbeid og kompetanseheving. Vår visjon er å vere med og gi menneske moglegheiter.

 

Vi har ledig 100% stilling som

Arbeidsleiar med hovudansvar for vedlikehald

Vi ønskjer ein allsidig person med praktiske ferdigheiter, interesse og kompetanse for å leie og rettleie andre. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ha god arbeidskapasitet, vere initiativrik og løysingsorientert.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleie og følgje opp tilsette
  • Planlegge og  tilrettelegge det daglege arbeidet
  • Ansvar for effektiv produksjon
  • Kontakt med kundar og eksterne samarbeidspartar
  • Vedlikehald av maskinar og utstyr

 

Ønska eigenskapar:

Du må like å arbeide med menneske, vere utadvent og god på å byggje relasjonar. Å kunne arbeide sjølvstendig, målretta og vere handlekraftig er også eigenskapar vi er på jakt etter. Vi ser etter ein person med allsidig arbeidserfaring og kunnskap / kompetanse i forhold til vedlikehald av maskinar og utstyr.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Den som får stillinga må legge fram politiattest av ny dato.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Betty Hessevik, telefon 57852660 / 46939323 eller pr. e-post betty@asvomaloy.no

Søknad sendast per e-post til: betty@asvomaloy.no
Søknadsfrist: 14.01.2020