Ledige stillingar som arbeidsveiledere / produksjonsmedarbeidarar

ASVO Måløy AS er ein sosial entreprenør som har som føremål å utvikle personar sine ressursar gjennom arbeid og kompetanseheving. Vår visjon er å vere med og gi menneske mogelegheiter.                                                                                              

Vi søkjer initiativrike, strukturerte og engasjerte arbeidsveiledere / produksjonsmedarbeidarar i

  • 1 stilling 100% som vikar med mogelegheit for fast tilsetting i tauavdelinga
  • 1 stilling 60% fast i bakeriet

Vi ønskjer å tilsette personar med allsidige praktiske ferdigheiter, interesser og kompetanse i å leie og rettleie andre. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ha god arbeidskapasitet, vere effektiv og løysingsorientert.

Arbeidsoppgåver:

Rettleie og følgje opp tilsette

Planlegge og legge til rette for det daglege arbeidet

Sikre høg kvalitet / høg kundetilfredsheit på vare- og tenesteleveransar

Ansvar for effektiv produksjon

Kontakt med kundar / eksterne samarbeidspartar

Følgje HMS-reglane i bedrifta

 

Ønska tilleggskvalifikasjonar for arbeid i tauavdeling:

Teknisk innsikt og kompetanse

Produksjonserfaring

 

Ønska tilleggskvalifikasjonar for bakeri:

Utdanning innan matfag

Produksjonserfaring

 

Ønska eigenskapar:

Du må like å arbeide med menneske, vere utadvent og god på å byggje relasjonar. Å kunne arbeide  målretta og vere handlekraftig er også eigenskapar vi er på jakt etter.

Vi ser etter personar med allsidig arbeidserfaring og kunnskap / kompetanse i dei to fagfelta vi har ledige stillingar i.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning i KLP
  • Meiningsfylt arbeid og godt arbeidsmiljø

Ved tilsetting må ein legge fram politiattest av ny dato.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Betty Hessevik, telefon 46939323.

Søknad og CV sendast til: betty@asvomaloy.no

Søknadsfrist 20. januar 2021.