Ønskjer du ekstra inntekt i tilrettelagt arbeid?
Har du uførepensjon, og ønskjer å bidra til verdiskapinga i samfunnet har vi ei stilling som kan passe for deg.
ASVO Måløy har ledig tilrettelagde stillingar innan følgjande produksjonsavdelingar:
- Kjøkkenavdeling med produksjon av bakst og kantinevarer.
- Miljøstasjon for gjenvinning av papp, papir, plast og garn.
- Tauavdeling med splitting og reinsing av garn for fiskeflåten.
- Avdeling for produksjon og sal av ved, trefelling og grasklipping.
- Skiltavdeling med produksjon av folie-, print- og graveringsartiklar.
Arbeidet blir tilpassa etter ditt funksjonsnivå, og det er mogleg å kombinere arbeid innanfor fleire avdelingar. Vi stiller ikkje krav til kompetanse, då opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr:
- Arbeidskontrakt med bonusløn
- Kjekke kollegaer
- Tilbod om å delta på fleire sosiale arrangement i løpet av året, som julebord, grillfest, bowling, felles tur osv.
- Noko godt attåt kaffien kvar fredag.
Høyrast dette interessant ut, er du velkomen til ein uforpliktande prat med Betty Hessevik (dagleg leiar) tlf. 46 93 93 23.
Om ASVO Måløy
ASVO Måløy har sidan 1991 bidrege til at personar med behov for tilrettelagt arbeid får personleg utvikling og auka livskvalitet gjennom produksjon av varer og tenester for lokalt og regionalt næringsliv og privatkundar. Vi arbeider på oppdrag frå NAV, der inkludering i det ordinære arbeidsliv er eit overordna mål. ASVO Måløy har 25 tilrettelagde arbeidsplassar.