Er du usikker på kva slags moglegheiter som finst i arbeidsmarknaden, eller har utfordringar i studiet? Vi tilbyr studie- og karriererettleiing. Les meir om tilbodet vårt under.

 

Arbeidsrettleiing

Vi tilbyr arbeidsrettleiing for deg som er usikker på kva du kan kvalifisere deg for i arbeidsmarknaden. Rettleiinga handlar om å kartleggje interesser, ressursar og hindringar i arbeidslivet. Med vår kunnskap om det lokale arbeidslivet, vil vi arbeide for å finne ein god match mellom deg og arbeidsgjevar.

Vi har tidlegare bidratt til å gi mennesker arbeid innanfor mellom anna helse- og omsorgssektoren, maritim sektor,  daglegvare og utdanningssektoren.

Arbeidsrettleiing blir tilbudt som ein del av tiltaket Arbeidsførebuande trening. Er dette interessant for deg, må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

 

Studierettleiing

Vi kan hjelpe deg med studierettleiing både i forkant og undervegs i studiene. Vi skreddersyr individuelle opplegg, som sikrer at du får god oppfølging undervegs. For å vere kvalifisert til studierettleiing må du ta utdanning gjennom NAV, eller ha ein stønad frå NAV (til dømes arbeidsavklaringspenger) som inntektskjelde under utdanning.

Studierettleiing blir tilbudt som ein del av tiltaket Arbeidsførebuande trening. Er dette interessant for deg, må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

 

Om arbeids- og studierådgjevaren

John Ivar Sunde har mastergrad i pedagogikk, og har tidlegare arbeida i studieseksjonen ved Universitetet i Bergen. Han har også bakgrunn som lærar i ordinær- og spesialundervisning, og mange års erfaring med rettleiing.

45222687_2139932509371939_8197466871402856448_o
Arbeids- og studierådgjevar John Ivar Sunde