Velkommen til årets julekalender!
Vi har gleda oss lenge til dette – og vi har 24 luker proppfulle med flotte premiar med alt frå deilig bakst, ved og graverte produkt.
ÅPNE FØRST DAGENS LUKE I KALENDEREN UNDER OG TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL



























1. desember
Velkommen til årets julekalender! Vi har gleda oss lenge til dette – og vi har 24 luker proppfulle med flotte premiar med alt frå deilig bakst, ved og graverte produkt.
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

Luke 17
Bjørn og John Ivar er så glade at dei velvillig let seg drysse ned av papir. Ikkje rart når papiret vårt er så godt sortert. Kor reint papir klarte vi å levere frå oss ved siste innlevering?
A: Ca. 70 %
B: Ca. 85 %
C: Ca. 99 %

Xmas is coming!
We wanna celebrate with you that xmas is almost here and so we are offering you this special gift. Go and download it!

Luke 24
Årets brubyggjar er vår høgthengande pris til ei bedrift i lokalmiljøet som gjer ein ekstraordinær innsats for eit arbeidsinkluderande samfunn. Prisen er ei anerkjenning av det arbeidet som lokale bedrifter gjer for at personar som har utfordringar i ordinært arbeidsliv skal kunne få jobbe og yte etter evne.
Det er ei stor glede for ASVO Måløy å kunne tildele \»Årets brubyggjar 2020\» til Frøy Vest. Dei har i forskjellige eigenskapar bidratt til arbeidsinkludering over fleire år. Først og fremst tilbyr dei tilrettelagt arbeid i eiga bedrift, og ASVO Måløy har faste årlege oppdrag med vareteljing som tilsette i tilrettelagt arbeid utfører til punkt og prikke. Vidare kjøper dei skilt og andre varer med oss, og bidreg med kompetanse til å reparere maskinparken vår ved behov.
Frøy Vest er ei bedrift som viser kor bærekraftig, både økonomisk og samfunnsmessig, det kan vere å ha eit arbeidsinkluderande samarbeid med ASVO Måløy. Saman får vi til gode løysingar, der vi utvekslar arbeidskraft og kompetanse og gir fleire moglegheit til å vere i arbeid.
Sjå tildelinga i videoen under eller kjøp romjulsutgåva av Fjordenes Tidende. Så vil vi få takke for at du har fulgt julekalenderen vår, og ynskje alle riktig god jul!

11. desember
Vi er ei stor industribedrift som må vedlikehalde bygningen etter behov. I år utbetra vi innkøyrsla til den eine porten vår, og dagens spørsmål handlar om betongen som blei brukt. Sjå filmen og svar på dagens spørsmål.

ASVO gjev tilbake
2. søndag i advent
Kvar søndag i adventstida framover vil ASVO dele ut ei merksemd til nokon som har vore gode kundar eller støttespelarar for ASVO Måløy.
Dagens merksemd går til Randi Michelsen som har vore trufast og fornøgd vedkunde med oss i mange år. I tillegg har ho ho eit flott husskilt som ASVO Måløy har produsert Sjå korleis ho reagerte på å få vår graverte Termos i videoen under.

5. desember
Tradisjonen tru har vi makulert noko kjent og kjært i nærområdet vårt.
Kva har vi funne på i år, mon tru?
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

8. desember
ASVO Måløy har levert profilering på bygg og bilar til nordre del av Kinn kommune. Men har ting blitt større, mindre eller er det like stort? Det er dagens spørsmål. Sjå videoen, og svar på dagens spørsmål!

Julekalender 15. desember
Kan du mykje om fisk? Vel, sjå videoen og gjett riktig svar.

Luke 22
KVAR HAR VEDEN TATT VEGEN?
Ein ny sekk har stukke av, og gøymt seg på ei av vedrutene våre. Heldigvis har han sendt eit bilete som viser kvar han er – og finn du rette staden kan du vinne både han og den medskuldige sjåførsekken 🧐

2. desember
Det er ikkje enkelt å halde fingrane av fatet når vi har så mykje god julebakst på huset. Vi lagar åtte sortar julekaker i tillegg til julebrød. Men kva slags sort har John Ivar stappa i seg i dag?
Pssst… det er ein av dei kakesortane vi bakar, som du finn ei oversikt på her.

12. desember
KVAR HAR VEDEN TATT VEGEN?
Ein ny sekk har stukke av, og gøymt seg på ei av vedrutene våre. Heldigvis har han sendt eit bilete som viser kvar han er – og finn du rette staden kan du vinne både han og den medskuldige sjåførsekken 🧐

ASVO gjev tilbake
3. søndag i advent
Kvar søndag i adventstida framover vil ASVO dele ut ei merksemd til nokon som har vore gode kundar eller støttespelarar for ASVO Måløy.
Dagens merksemd går til den eksemplariske sjåføren frå NOMIL, Monty Korkowski. Monty gjer ein solid jobb, er hyggjeleg å samarbeide med og bidreg gjennom arbeidet til å halde høg kvalitet på papp og papir som vi leverer frå ASVO Måløy.
Sjå korleis Monty reagerte då han blei overraska med gravert termos frå ASVO Måløy.

14. desember
Vi har fått eit par unike bestillingar i koronatider, men dette oppdraget må kanskje vere det mest unike av dei alle. Kva fekk vi beskjed om å lage, og kva skal det brukast til? Sjå filmen og svar på dagens spørsmål.
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

9. desember
Ved å skrive namn og telefonnummer på drikkekartongen kan du bli med i det nasjonale returkartonglotteriet. ASVO Måløy sorterer ut desse kartongane og sender dei i ein eigen lotteridunk for trekning.
Men i dag ville vi gjere litt ekstra stas på ein av dei som har gjort alt rett – så vi tok vår eiga trekning. Sjå om du vann dagens premie i videoen under!

16. desember
Vi finn mykje rart på bandet gjennom eit år, men i år fann vi også pakkar som var uåpna.
Heldigvis var dei godt merka, så vi klarte å finne fram til rett eigar.
I dag skal du få vere julenisse, og nominere nokon som fortener ein ekstra pakke under treet.
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

7. desember
Alle tilsette ved ASVO var i haust på besøk på hjortefarmen på Nave, og fekk i god Farmen-stil kjempe i øksekast.
Etter finalerunde med to kast var Torbjørn desidert best, men kor mange poeng klarte han til saman på dei to rundene?
PS: Svaret er mellom 1 – 10, og biletet under gir eit hint om resultatet av det eine kastet. Blinken går frå 1-5 per kast.
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

Luke 18

3. desember
I dagens kalender vil Pål teste dine fotballkunnskapar.
Han har oversikt på det aller meste innan fotball, men kor mykje veit du?
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

ASVO gjev tilbake
4. søndag i advent
Kvar søndag i adventstida framover vil ASVO dele ut ei merksemd til nokon som har vore gode kundar eller støttespelarar for ASVO Måløy.
Dagens merksemd går til Baatbygg som har vore ein god kunde med ASVO Måløy i fleire år. Vi leverer skilt til ulike båtprosjekt og steller hagen deira om sommaren. Ikkje berre får Baatbygg varer og tenester av høg kvalitet, men dei bidreg også til at vi har eit arbeidsinkluderande samfunn gjennom den kjøpekrafta som dei har.
Sjå tildelinga i videoen under.

Luke 21
John Ivar er ASVO Måløy sin dedikerte arbeids- og studierådgjevar. Han har ansvar for rettleiing og oppfølging av folk som ynskjer å finne jobb eller treng kompetanseheving for å kvalifisere seg til arbeid.
ASVO Måløy tilbyr rettleiing opp til og med bachelorgrad i mange ulike fag. Rettleiinga er skreddarsydd til dine behov og ynskjer, og gir kompetanse som er ettertrakta i lokalt næringsliv.
Vi er stolte av at vi lukkast med denne jobben, og har i år sett ny rekord for kor mange som har funne arbeid eller er i utdanning. Målet til NAV er 50 %, men kor stor prosentandel klarte vi å hjelpe i 2020? Sjå svaralternativ i biletet.
Lykke til!
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

10. desember
Vi er i innspurten på julebakinga! Men vi bakar framleis på bestilling kvar dag og har faste bakedagar torsdag og fredag der vi sel eit utval frå menyen vår.
Kva vi bakar på bakedagane blir annonsert på vår Facebookside.
Torsdag bakar vi aniskringler og fredag får du lussekattar, grove og fine rundstykker. I tillegg har vi eit godt utval med heimelaga julekaker til sals. Men vi blir diverre fort utseld, så vi tilrår at du tek kontakt på telefon 57 85 26 60 for å reservere det du ynskjer å handle, slik du er garantert å få det du vil ha.
Dagens spørsmål handlar om dei kakene som kjøkenpersonellet bakar i dag. Klarar du å gjette riktig sort?

Luke 23
I år har vi hatt så mange kule oppdrag på profileringsavdelinga, og ein av dei kjekkaste jobbane var å få levere og montere alt av folie på vindauge og dører til Skipskompetanse.
I tillegg har profileringsavdelinga hjulpe til med årets julegåve, utan at vi skal røpe detaljar her 😇
Skipskompetanse er eit anerkjent fagleg miljø som bidreg med innovative løysingar. Dei har vore sentrale i å utvikle verdas første hybride brønnbåt, Ro Vision, som har fått ein av dei mest høgthengande prisane i Noreg. Dagens kalenderspørsmål er: Kva heiter prisen?
Dagens premie er ei forstørring av bilete på lerret i 60 x 40, og vi trekk vinnar rett over nyttår 🥳
Kos deg med dagen før dagen! I morgon blir Årets brubyggjar annonsert både her og på fjt.no 🤩
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL


4. desember
KVAR HAR VEDEN TATT VEGEN?
Måndag 7. desember skal vi på ny vedrute til Stad, og det blir gratis frakt på alle vedbestillingar den dagen på strekninga Kulen – Stadlandet. 70 kr per sekk med bjørkeved av god kvalitet, og du kan betale med Vipps. Vi bærer det inn i hus eller garasje – det er ein del av servicen Bestill på nettsida vår asvomaloy.no/kontakt, eller ring oss på 57 85 26 60.
Men ein av sekkane har stukke av, og gøymt seg. Heldigvis har han sendt eit bilete som viser kvar han er – og finn du rette staden kan du vinne både han og den medskuldige sjåførsekken
TRYKK HER FOR Å SVARE PÅ DAGENS SPØRSMÅL

Xmas is coming!
We wanna celebrate with you that xmas is almost here and so we are offering you this special gift. Go and download it!