«ASVO Måløy er med og gjev menneske moglegheiter»

Dette er vår visjon! Vi vil gjere vårt beste for at brukarar, kundar og tilsette møter ei bedrift som er kjenneteikna av verdiane tryggleik, respekt og utvikling.

Tryggleik: Vi tek individuelle omsyn og møter personen med respekt, toleranse og likeverd. Personar som er i våre tiltak skal ikkje bli fysisk, psykisk eller økonomisk utnytta.

Respekt: Vi viser respekt for brukaren, samarbeidspartnaren og kollega.

Utvikling: Vi vil være med og gje brukaren nye moglegheiter for meistring og livskvalitet.

ASVO Måløy sitt formål er å avklare, utvikle og vedlikehalde arbeidsevne hos enkeltmennesket. Vidare skal det skapast grunnlag for sysselsetting av yrkeshemma. Det skal leggjast vekt på moglegheiter for overgang til ordinært arbeid.

ASVO Måløy skal være ein arbeidsplass med mangfald som bidrar til auka livskvalitet hos den enkelte.