ASVO Måløy er ei vekstbedrift som skal bidra til at personar med nedsett arbeidsevne får personleg utvikling og auka livskvalitet gjennom meiningsfullt arbeid. Vi arbeider på oppdrag frå NAV, der inkludering i det ordinære arbeidsliv er et overordna mål.

ASVO Måløy har siden oppstarten i 1991 hatt god utvikling på mange felt:

  • Større fokus på livskvalitet, og å føre personer tilbake til ordinært arbeidsliv der dette er mogleg.
  • Eit godt samspel med NAV og andre offentlege etatar.
  • Eit godt samspel med det lokale næringsliv.

ASVO som foretak

ASVO Måløy AS er eit kommunalt foretak, heileigd av Vågsøy kommune. Vi er oppretta for å ivareta eit samfunnsoppdrag nedfelt i Stortinget sin arbeidsmarknadspolitikk og for å levere grunnleggande tenester til innbyggjarane.

Generalforsamlinga er formannskapet i Vågsøy kommune.

Styret består av følgjande representantar:

Styreleiar: Ingolf Bergh

Nestleiar / styremedlem: Marian Sjaastad

Styremedlem: Jeanette Jensen

Styremedlem: Rune Kristensen

Styremedlem og representant for dei tilsette: Trond Hennøen

1. vararepresentant i styret: Arve Nygård

2. vararepresentant i styret: Kari K. Solheim