Er du usikker på kva slags moglegheiter som finst i arbeidsmarknaden, eller har utfordringar i studiet? Vi tilbyr studie- og karriererettleiing. Les meir om tilbodet vårt under.

 

Karriererettleiing

Vår karriererettleiing byggjer på ein modell der vi i samtale med deg kartlegg interesser, ressursar og hindringar i arbeidslivet. Med vår kunnskap om det lokale arbeidslivet, vil vi arbeide for å finne ein god match mellom deg og arbeidsgjevar.

Vi har tidlegare bidratt til å gi mennesker arbeid innanfor mellom anna helse- og omsorg,  daglegvare og skule.

Karriererettleiing blir tilbudt som ein del av tiltaket Arbeidsførebuande trening. Er dette interessant for deg, må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

 

Studierettleiing

Vi kan hjelpe deg med studierettleiing både i forkant og undervegs i studiene. Vi skreddersyr individuelle opplegg, som sikrer at du får god oppfølging undervegs. For å vere kvalifisert til studierettleiing må du ta utdanning gjennom NAV, eller ha ein stønad frå NAV (til dømes arbeidsavklaringspenger) som inntektskjelde under utdanning.

Studierettleiing blir tilbudt som ein del av tiltaket Arbeidsførebuande trening. Er dette interessant for deg, må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.

 

Om studie- og karriererettleiaren

John Ivar Sunde har mastergrad i pedagogikk, og har tidlegare arbeida med studie- og karriererettleiing ved Universitetet i Bergen. Han har også bakgrunn som lærar i ordinær- og spesialundervisning, og mange års erfaring med rettleiing.

45222687_2139932509371939_8197466871402856448_o
Jobbkonsulent og rådgjevar John Ivar Sunde arbeider med studie- og karriererettleiing