Arbeidsførebuande trening (AFT)

Dette er eit tilbod til deg som ynskjer å kome i ordinært arbeid eller utdanning. Vi vil hjelpe deg med tilrettelegging, rettleiing og avklaring av arbeidsevne. Vi vil, saman med deg, leggje til rette for arbeidspraksis i ordinære bedrifter og gir tett oppfølging heile vegen.

Eit typisk løp er inndelt i tre fasar:

Fase 1:

  • Introduksjonsmøte der vi går gjennom rettar og pliktar i arbeidstrening.
  • Kartlegging av interesser, moglegheiter og utfordringar.
  • Karriere- og studierettleiing.
  • Utarbeiding av plan for arbeidstrening eller studieløp.

Fase 2:

  • Praksis i ekstern bedrift. Ved behov kan vi tilby tilpassa arbeidsoppgåver på ASVO, som gir god trening på vegen tilbake til arbeidslivet.
  • Oppfølging og rettleiing i arbeidstrening
  • Samtalar med NAV undervegs og ved behov.
  • Gjennomgang av fråvær kvar månad, som blir sendt til NAV.
  • Oppsummering av plan kvar 3. månad, som NAV får tilsendt.

Fase 3: 

  • Hjelp til å søke ordinært arbeid eller vidare studium (søknadsskriving, rettleiing, intervjutrening med meir).
  • Dialog med NAV og arbeidsgjevar om eventuelle tilretteleggingstiltak.
  • Overgang til arbeid, studier eller samtale med NAV om andre tiltak.

 

Har du spørsmål om arbeidsførebuande trening kan du ta kontakt med rådgjevar John Ivar Sunde (46932944 / johnivar@asvomaloy.no), eller ta kontakt med din rådgjevar i NAV.

 

45222687_2139932509371939_8197466871402856448_o
Jobbkonsulent og rådgjevar John Ivar Sunde arbeider med studie- og karriererettleiing.