Vi jobber saman, for å styrke deg!

Går du på arbeidsavklaringsstønad, uføretrygd eller andre stønader og har lyst til å komme i arbeid? Vi kan hjelpe deg! Du kan søke deg inn hos oss gjennom ditt lokale NAV-kontor.

ASVO Måløy AS tilbyr:

  • Varig tilrettelagt arbeid (VTA)
  • Arbeidsførebuande trening (AFT).
  • Kartlegging av arbeidsevne
  • Oppfølging
  • Avklaring
  • Praksisplass

Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Varig tilrettelagt arbeid er eit tilbod til deg som for lang tid, eller kanskje for resten av ditt yrkesaktive liv, har behov for tilrettelagt arbeid.  Saman med oss på ASVO finn vi arbeidsoppgåver du vil trivst med, der du kan utvikle dine evner og delta i eit arbeidsfellesskap. Du må ha uførepensjon for å kvalifisere til VTA-tilbodet.

Vi vil, saman med deg, leggje til rette for at du kan kome ut i ordinært arbeidsliv.

 

Arbeidsførebuande trening (AFT)

Dette er eit tilbod til deg som ynskjer å kome i ordinært arbeid eller utdanning. Vi vil hjelpe deg med tilrettelegging, rettleiing og avklaring av arbeidsevne. Vi vil, saman med deg, leggje til rette for arbeidspraksis i ordinære bedrifter og gir tett oppfølging heile vegen.

Ved behov kan vi tilby tilpassa arbeidsoppgåver på ASVO, som gir god trening på vegen tilbake til arbeidslivet.

Eit sosialt og godt miljø!

IMG_2962

Vi er opptatt av å vere ein god og

triveleg arbeidsplass for alle, og har fokus på tilhørsle og sosialt samvær. Vi har faste pauser, og et både formiddagsmat og lunsj saman.

Om fredagane har vi fredagskos, og vi arrangerer også utflukter kvart år.

Har du spørsmål om VTA eller AFT? Ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor, eller ring oss på 57 85 26 60.