I 2018 starta ASVO Måløy opp prisen «Årets brubyggjar». Vi ynskjer å heidre det lokale næringslivet rundt oss, som gjer ein ekstraordinær innsats for å hjelpe folk tilbake i arbeidslivet.

Desse eldsjelene bidreg til å «byggje bruer» mellom menneske og arbeid, ved å anten gi dei arbeid, praksiserfaring eller er gode samarbeidspartnarar.

Årets brubyggjar 2018

Årets brubyggjar 2018 går til A.S Fiskevegn, som vinn prisen for eit mangeårig og godt samarbeid med ASVO Måløy på tau og garn. Fiskevegn skyt opp nye garn frå brukte tau som vi finrensar, og såleis klarar vi å skåne miljøet for unødig avfall.

Gjennom eit godt samarbeid over mange år har vi klart å skape eit tilrettelagt arbeid som samtidig bidreg til det marine næringslivet i distriktet. Det er stor etterspurnad etter denne tenesta, og vi finrensa over 45 mil med tau i 2018.

Dagleg leiar i Fiskevegn, Trond-Inge Kvernevik, seier at utan ASVO sin innsats kunne ikkje dei hatt ei garnavdeling. – Så her har vi klart å få til eit verdifullt samarbeid for begge partar, som gir mange arbeid, seier han.

20181212_142436
Årets brubyggjar 2018 går til Fiskevegn, som vinn prisen for eit mangeårig og godt samarbeid med ASVO Måløy på tau og garn. Frå venstre: John Ivar Sunde (rådgjevar ASVO Måløy), Betty Hessevik (dagleg leiar ASVO Måløy), Trond-Inge Kvernevik (dagleg leiar Fiskevegn), Svein Venøy (sal- og avdelingsleiar Fiskevegn)

Om prisutdelinga

Prisen blir tildelt bedrifter som fyller eit eller fleire av følgjande kriterium:

* Bedrifter som tilbyr arbeid eller praksisplass for deltakarar på arbeidsførebuande trening eller varig tilrettelagt arbeid.
*   Bedrifter som er gode kundar eller samarbeidspartnarar.
*   Bedrifter som bidreg til å gi ASVO Måløy AS eit positivt omdøme.