Her kan du lese to illustrasjonar av korleis ein praksis kan utarte seg:

1) Kari er 21 år, har fullført to år på vidaregåande skule og hatt vanskar med å finne seg ordinært arbeid, hovudsakleg på grunn av depresjon. Gjennom samtalar og kartlegging kjem det fram at ho er interessert i butikkarbeid, og vi vurderer at ho godt vil klare å gjere dei arbeidsoppgåvene som er i ein butikk. Vi lagar til ei opplæringsplan og tek kontakt med ein aktuell samarbeidspart i næringslivet. Vi avtalar at Kari skal gå «på toppen» av dei andre medarbeidarane, og arbeide tre dagar i veka, frå 9-14.

Kari tek arbeidet veldig på alvor, og arbeidsgjevar merker at ho er svært ansvarsbevisst og har ei eksemplarisk haldning til kundane. Progresjonen i yrket går såpass fort at vi blir einige om å justere planen, og Kari står snart i kassa og gjer tilsvarande oppgåver som andre ordinært tilsette. Når praksisperioden nærmar seg slutt får arbeidsgjevar behov for ein ekstra medarbeidar til å ta vakter, og tilset Kari. Ho skal samtidig fullføre vidaregåande skule, og sikre seg formell kompetanse – og vurderer høgare utdanning. Kari får ein flott attest, og eit ståande tilbod om å vere ekstravakt i ferier og ved behov.

 

2) Ola er 53 år og har over lengre tid hatt helseplagar i rygg- og nakke. Han har stått i eit fysisk tungt arbeid over fleire år, som har bidratt til denne situasjonen og fått beskjed av lege om at han ikkje kan ha fysisk tunge løft lenger. Gjennom samtalar og rettleiing kjem det fram at han har noko erfaring med ungdomsarbeid og trivst godt med det. Vi tek kontakt med ein ungdomsskule, som gjerne vil ha han som assistent i ei praksisperiode. Gjennom praksis finn arbeidsgjevar fort ut at Ola har gode eigenskapar for å vere assistent, og han skapar veldig fort gode relasjonar til elevar og andre lærarar. Etter praksis går Ola rett over i ordinært arbeid, i redusert stilling. Ola er samtidig i dialog med NAV, som bidreg til å sikre at Ola får stønad for den delen han ikkje klarar å stå i arbeid.

butikkmedarbeidar
Ein god jobbmatch gir arbeidsgjevar ein verdifull medarbeidar (Illustrasjon Pixabay).