Arbeidsevnekartlegging er eit viktig hjelpemiddel for deg som usikker på kva du kan arbeide med, fordi du har fått dårlegare helse eller stått utanfor arbeidslivet i ei lengre periode.
Vi vil gjennom ein samtale med deg kartleggje arbeidsevne og livssituasjonen din, for å finne ressursar og hindringar for å delta i arbeidslivet. Målet er å kunne finne tilrettelagt arbeid i den grad det er mogleg.
Om samtalen
Ei arbeidsevnekartlegging består av ei strukturert samtale, og ved behov ei praktisk arbeidsutprøving. I samtalen vil vi kartlegge ressurser og arbeidsmoglegheiter, og tek utgangspunkt i ei gjennomgang av ditt kvardagsliv, dagens livssituasjon og eigavurdering av denne.
Kartlegginga blir samanfatta i ein utfyllande rapport, som kjem med konkrete forslag til tiltak.
Slik er løpet i ein avklaringsfase:
- Strukturert samtale med rettleiar.
- Kartlegging av interesseområder og rettleiing i arbeidsmarknaden.
- Arbeidspraksis i intern eller ekstern bedrift, for å kartlegge arbeidsevne ved behov.
Har du behov for avklaring av arbeidsevne, må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor.
Om rettleiarane
ASVO Måløy har to sertifiserte utgreiarar i arbeidsevnekartlegging:
- John Ivar Sunde har mastergrad i pedagogikk, og har tidlegare arbeida med studie- og karriererettleiing ved Universitetet i Bergen. Han har også bakgrunn som lærar i ordinær- og spesialundervisning.
- Betty Hessevik er utdanna sjukepleiar, og har lang erfaring frå bedriftshelseteneste og tilrettelagt arbeid. Ho har i tillegg vidareutdanning i arbeids- og organisasjonspsykologi og rettleiing.